Skreppa

Du bruker en gammel versjon av Microsoft Internet Explorer
Du benytter Internet Explorer. Vi anbefaler å laste ned Chrome, Edge eller Firefox.
Les mer
Bilde
Skreppa
Heimebaka flatbrød frå Morgedal i Telemark
Flatbrød har sin faste plass på middagsbordet og er den eldste formen for brød i Telemark. Det har vore akta og æra i mange hundre år.

Håndverkstradisjonen er sterk i Morgedal. Skimaking og lafting har lenge vore næring i bygda. Det var på tide å gjere næring av mattradisjonane og. I 2001 satsa tri jentur i Morgedal alt på eit sprøtt konsept. Me starta opp me eit ynskje om å få fram den gamle smaken av eit tradisjonelt flatbrød frå Telemark. Flatbrød har hatt ei sterk stilling i norsk kosthold. Det er vårt nasjonalbrød. Heilt opp til vår tid var det flatbrød ein meinte når ein sa brød.

 

Tri jentur i Morgedal satsa alt på eit sprøtt konsept

Flatbrød er eit ugjæra og usyra brød som bakast ut til tynne leivar. Flatbrødet kan halde seg i årevis, betre enn sjølve mjølet.
Flatbrød har gjennom tidene blitt baka av ulike typer mjøl, også iblanda ertar, bønner og seinare tider med poteter. Frå gamalt av vart flatbrødet baka ut tjukkare enn me er vane med i dag. Det var bare til helgedags og gjestebod at flatbrødet skulle vera tynt. Godt handlag og mykje øving må til for å beherske kunsten å laga godt flatbrød. Over heile landet var det eit krav til unge jenter at dei måtte lære seg å bake flatbrød dersom dei tenkte på å bli gift.
Flatbrød til nistebruk vart bretta på ulike vis medan det enda var litt mjukt på takka. Skreppebrød vart bretta så det passa godt til skreppa.

 

Dei åt dette som me et pizza i dag


Heilt fram til 1830 var tallerkenar fråverande på kvardagsbordet. Det var flatbrødet som vart nytta som tallerk. Det var fyrst og fremst kjøtt, flesk og fisk som vart dela ut på ein samanbretta flatbrødleiv til kvar og ein. Dei åt dette som me et pizza i dag. Sjølv med meir moderne teknikk er stemninga i bakstestoga framleis magisk. Gjennom mange generasjonar har folk late seg "fange inn" av lukta, varmen, lyden av kjevla som rullar att og fram over leivane, og håpet om ei lita smaksprøve. Det skapar bilete og fører tankane bakover i tida.

 

Etablert
2001
Område
Østlandet
Salgssjef Inger Marie Bakås
Produkter frå Skreppa
Artikkelbilde ASK Spekehus

Norsk spekemat i verdensklasse!

Artikkelbilde One-Shot - Norges mest geniale iskonsept

Vår iskrem, frozen yoghurt og sorbet er laget etter originale italienske oppskrifter, har en unik kremet konsistens og fås i mange forskjellige smaker. Ikke rart de ble kåret til årets utfordrer og er nominert til årets produkt 2019 av ASKO og deres kunder!

Artikkelbilde Dispenser

Hos ASKO Servering finner du ulike dispensere for et hvert bruk for tørk og hygiene. Vi har over 4000 produkter innen varegruppen nonfood.

Artikkelbilde Slukk tørsten med forfriskende Slurp

Sommeren er snart her! Det er sesong for å kose seg med en forfriskende slush – og nå kommer nyheten Slurp Tropisk!